Tusen takk for ei arbeidsam og triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering ved Ørsta ungdomsskule. Det var fantastisk artig med ei slik kjekk og motivert studentgruppe! Ved MKK studiet øver vi på digital kompetanse med både blogg og Facebook (FB) side og det er lagt ut bilder frå første samlinga på FB: Høgkulen i Volda, Mat, kultur og konservering.
Mat, kultur og konserveing, haust 2015. Foto: Kari Ryslett. |
Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan "utvide teksten" med lenker til andre bloggar (hald peikepinnen over ordet og klikk på linken), filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.
No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?
Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den!
Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!
Beste helsing Kari Ryslett
Sharing is the new way of learning!
Bilde og design: Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda. |