mandag 23. november 2015

Årets matkulturbloggar på MKK vert kåra 5. desember 2015

Flotte matbloggar slik som bloggane til: Trine, Tove, Lars eller Janne Kristin kan  motivere og inspirere oss til å dele matgleder- og kunnskap i den digitale verden. Det er laga mange faglig gode og spennande blogginnlegg frå studentane ved Mat, kultur og konserveing (MKK) dette halvåret og det vert det lagt merke til! Som eit ledd i kvarandrevurderingsprosessen og det å følgje med på kvarandre sine bloggar har vi laga ei intern kåring av dei beste blogginnlegga frå studiebloggane til MKK.


På den siste samlinga før jul, når vi har ete vår eigenproduserte julemiddag, vert det prisutdeling med SMAKfulle premiar til vinnarane i dei ulike kategoriane.


Kategoriane er:


1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering       
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar


Kriteria er: gode bilder, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, pent, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt,
fredag 4.desember 2014. Emneansvarlige Kari Ryslett og Erik Fooladi har dobbeltstemme!




Lukke til med innspurten på blogginga!

mandag 24. august 2015

Bloggstart på Mat, kultur og konservering MKK 101

Hei alle sammen!

Tusen takk for ei arbeidsam og triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering ved Ørsta ungdomsskule. Det var fantastisk artig med ei slik kjekk og motivert studentgruppe! Ved MKK studiet øver vi på digital kompetanse med både blogg og Facebook (FB) side og det er lagt ut bilder frå første samlinga på FB: Høgkulen i Volda, Mat, kultur og konservering.

Mat, kultur og konserveing, haust 2015. Foto: Kari Ryslett.
No håpar eg at de har fått oppretta bloggside og at de etterkvart gjer dykk kjende med verktyet! På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i word og samle saman bilda eller lenkene før du publiserer blogginnlegget ditt.

Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan "utvide teksten" med lenker til andre bloggar (hald peikepinnen over ordet og klikk på linken), filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.

No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den!

Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!

Beste helsing Kari Ryslett

Sharing is the new way of learning!


Bilde og design: Marianne Hagelia, Høgskulen i Volda.